Fjernsynslisensen
april 15, 2008 — Marie GrastveitEg har reflektert litt rundt betaling av fjernsynslisens før. Eg har kome fram til at dette er noko eg godt kan gjera fordi eg meiner at NRK er ein god kanal og at det er godt å ha ein kanal utan lange reklamepausar. Men idag har eg endra meining. Eg høyde eit intervju med Knut Arild Hareide (Krf-politikar) på radioen i dag og eg er opprørd i etterkant. Det har seg nemleg slik at å administrera lisensinnkrevinga kostar oss i overkant av 60 millionar kroner årleg! Eg gjentek 60 millionar! Til samanlikning kostar det 62 millionar å byggja Frøyland og Orstad kyrkje. Er det mogleg å gjera noko så ineffektivt? Hareide sitt gode forslag er å legga ned hele lisensordninga og heller legga dette til i statsbudsjettet. Slik som ordninga er i dag er lisensen ein flat skatt, altså må alle betala like mykje uansett kva ein tenar, og dette er ikkje særleg rettferdig. Legg ein lisensen inn i statsbudsjettet vert fordelinga rettare sidan ein betaler etter kor mykje ein har å rytte med.
Eit anna argument for ei slik ordning er at det vert meir og meir vanskeleg å definera kva som er eit fjernsyn og kva som er ein pcskjerm. I dag er det jo slik at ein vert registrert som lisensbetalar når ein kjøpar fjernsyn. Det vert altså meir og meir vanskeleg å finna ut kven som skal betala.
Så nå seier eg nei til fjernsynslisen og ja til Knut Arild Hareide. Lat oss bruka 60 millionar på noko fornuftig heller!
kjæme t M44. 


Eg har spelt møje UNO i barnehagen i det sista. Det e sjikkele kjekt altså! Det e klart at det e litt meir spennande når eg ikkje ser kortå t motstandarane, så eg he hatt lyst å spela med nogen voksne folk… Det gjorde eg i går. Å det va vilt kjekt!!